Hopp til hovedinnhold

Midt i Sunnfjord finn vi eit dalrike. Her kan vi tydeleg sjå kvar breen har vore og kva den har gjort med landskapet. Mellom alle fjella så opnar det seg opp og der ligg Jølstravatnet. Eit idyllisk vatn som gjenspeglar dalen. Jølster er ideell for deg som liker aurefiske, ein tur med sykkel, kajakk eller ein fjelltur, gjerne i kombinasjon med kultur- og matopplevingar.

Jølstravatnet er kjent som eit særs rikt fiskevatn, med svært godt kvalitet på fisken. Årleg blir det fiska 15 tonn med Jølsteraure. I byrjinga av juni kvart år vert fiskekonkurransen Jølster Aurefest arrangert med heile Jølstravatnet som arena.

Mat og Kultur

Matkulturen står sterkt i Jølster. På Jølstramuseet tilbyr vertskapet den perfekte kombinasjonen av kunst, bygdemuseum, god atmosfære og kortreist mat. I galleriet på låven er det ei mangfaldig salsutstilling. På Restaurant Låven blir det servert ein à la carte meny basert på sesongens råvarer frå nærområdet. Signaturretten Jølstraaure er sjølvfiska, og blir servert beinfri.

Gå heller ikkje glipp av Astruptunet, som er heimen til kunstmalaren Nikolai Astrup, ein av Noregs mest kjente kunstnarar. Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du sjå der han stod ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadane. Den vakre kunstnarheimen ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Mellom Vassenden og Skei ligg vingarden på Jølst. Her kan du delta på vinsmaking med eigenproduserte fruktvinar.

Fjellturar og brevandring

Jølstravatnet er omkransa av nydelege fjelltoppar og dermed eit godt utgangspunkt for fjellturar. Breen har forma dalar og slipt fjella. Det er fleire fjellturar å velje mellom, noko som betyr at du vil finne ein tur som passar ditt nivå. Om du syntes bre er spennande så er det ein veldig fin tur inn til Haugabreen der du får ein fin utsikt til breen. Ønskjer du å gå på breen kan du få ein guida tur. Har du lyst på ein roleg tur etter ein lang dag kan du ta ein tur opp til dagsturhytta. Dette er ein tur som passar alle, og du får ei veldig fin utsikt over Jølstravatnet. Om du jaktar på ei Instagram venleg utsikt så er Grovanipa rette fjellet å gå på. På toppen her ser du ut over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet.

Et merkeikon

La deg inspirere

Finn idear og inspirasjon til din draumeferie på Jølster

Kommende arrangementer

#visitjolster

Følg oss:

  • Instagram

    Visit Jølster