Hopp til hovedinnhold

I Oldedalen har kvar sesong sin eigen sjarm, men det som står konstant er den rå naturen. Fossane som brusar nedover fjellsida, isbreane som ligg som eit slør over fjelltoppane, det frodige landskapet og det irrgrønne vatnet – det skal godt gjerast å reise heim utan evigvarande minner.

For å komme enda nærmare naturen kan du gje deg utpå ein av dei mange fotturane i vandredalen. Er aktivitetar på vatnet meir din aktivitet? Dei fleste campingane leiger ut kajakk, kano og båt. Om du ikkje er så naturvant, så kan du oppleve dalen med hjelp av guide. Her finns det aktivitetar for alle.

Briksdalsbreen har facinert menneske frå heile verda i over 150 år. Hit kom dei første turistane allereie på 1800-talet, og den er minst like populær i dag. Brearmen stuper 1200 meter rett ned, og det er vanskeleg å førestille seg omfanget av det auget ikkje ser. Briksdalsbreen er berre ein liten del av den gigantiske Jostedalsbreen, som er Europas største fastlandsbre. I Briksdalen kan du overnatte i både fjellstove, leiligheiter og hytter. Det er tilrettelagt stiar heilt fram til breen, og der kan du oppleve korleis breen har forma det ville dalføret gjennom tusenvis av år.

Et merkeikon

Meir reiseinspirasjon

Les meir om kva du kan gjere i Nordfjord-regionen!

Overnatting i Oldedalen

Det er eit bredt overnattingstilbod i Oldedalen.

Melkevoll Bretun Camping

Melkevoll Bretun Camping ligg idyllisk til mellom fossefall, isbreer og høge fjell. Vi er å finne inst i Oldedalen i Stryn, like ved Briksdalsbreen. Her kan ein nyte utsikt til store fossefall, fjell og brearmar, og frå dei store hyttene har ein utsyn over Oldevatnet. Melkevoll Bretun er å finne midt i levande og vakker natur! Campingareala er delt inn i terrassar for telt, bobil og dagsparkering, der ein kan finne sitt private område mellom steinar og tre. Vi har også utleige av høgstandard ferie- og campinghytter i ulike storleikar. Feriehyttene har peis, stor terasse og er romslege med fullt utstyrt kjøken, fleire soverom og nyrenverte moderne bad. Her er utsikt mot Oldevatnet og brearmar. Campinghyttene er også nyrenoverte, med kjøkken, terrasse, moderne bad og ein kosleg atmosfære. På Melkevoll Gard like ved Bretunet, kan du leige eit heilt hus, med stor terrasse med utsikt mot bre og fossefall. Melkevoll Bretun er startpunkt for turen til Briksdalsbreen, samt mange andre flotte fjellturar. Vi har dagsparkering for dei som vil gå dagstur i Briksdalen eller Oldeskaret. I tillegg er Bretunet omringa av flotte fjell og er utgongspunkt for både enkle og meir bratte fjellturar. Spesielt populær er turen til Oldeskaret og familieturen til Brenndalen. Ellers er den luftige toppen Kattanakken eit alternativ for dei fjellvande. Det er spesielt herlig med badstu og isbad etter ein aktiv turdag! Her er er mogelegheiter for ein aktiv ferie for både liten og stor, - vi kan garantere mange flotte naturopplevingar!

Kommende arrangementer