Hopp til hovedinnhold

Vestkapp

496 meter over Stadhavet, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktspunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På fine dagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Vestkapp er det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, og er kjent for det beste og verste vêret. Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og skiftande vêr. Mange skip har enda ferda si i desse farevatn, og det gir oss mykje historie og spanande myter. I frå Sildegapet i sør til Ervik i nord, er det lokalisert heile 58 skipsvrak!

Med mykje gammal historie skal det også skrivast ny; Kystverket skal no bygge den aller første skipstunnel i verda, som skal gi skipa ein sikker seglas forbi Stadhavet.

Hoddevik

Hoddevik er ein av dei mest kjende surfeperlene i Norge. Den kvite sandstranda er omkransa av høge fjellsider, som skjermar stranda frå den verste vinden og gjer Hoddevik godt egna for surfing under ekstreme vindforhold. «Hårnålsvingane» ned til Hoddevik er nesten like kjend som stranda. Den spektakulære veien er eit ynda fotomotiv.

Ervik

Ytterst på Stadlandet finn du Ervik, ei lita bygd som rommar mykje historie og aktivitetar.

Ervik er også kjent for å vere ei av dei beste surfestrendene i Norge. Like ved den flotte sandstranda, finn du den særprega kyrkjegarden. Kapellet er til minne for DS Sanct Svithun som gikk ned i 1943. Skipet vart angripe og senka av allierte jagarfly og mange frå ervik risikerte livet for å redde passasjerane.

Selje og Selja Kloster

Om du vil ha ein åndeleg pause frå aktive naturopplevingar bør du ta turen til Selje og den heilage øya Selja, der kan du kjenne på stillheita i klosterruinane. Sankta Sunniva er Norges einaste kvinnelege helgen - og legenda om den heilage Sunniva er som eit eventyr. Øya Selja ligg 15 minutt med båt frå Selje. I Selje er prestegarden open for publikum og like ved ligg ei krittkvit sandstrand der lokalbefolkninga badar i havet heile året.

Et merkeikon

Les meir om Nordfjord

Les meir om kva du kan gjere i Nordfjord-regionen!

Kommende arrangementer